Handlekurv

Handlekurven din er tom

Kanel i svingane av Briksdal baker:
Omlag 18 mellomstore svingar 
Samla hevetid: 18-20 timar 
Steikjetid: 15-20 min

Steg 1:  Ta ut litt surdeig i eit nytt glas og mat den som vanleg, men tilsett i tillegg 1ts sukker. Eg brukar ca 20g surdeig, 70g økologisk sikta dala landkveite frå norsk urkorn, 70g kaldt vatn, 1 ts sukker. Då er surdeigen klar til å bli til kanel i svingane omlag 8 timar etterpå på ein varm sommardag, eller når som helst på eit kjøken der det kokast dagen lang og er varmt. 

Ingrediensar: 
550g sikta dala landkveite
100g aktiv søt starter
100g hvitt sukker
1 egg
1SS kardemomme
350g mjølk, eg brukar heil eller lett
100g mjukt meierismør, eg brukar vanleg med salt.

Steg 2: 
- Bland saman alle ingrendiensane utanom smøret. Ei kjøkenmaskin er kjekt, men ikkje naudsynt.
- vent ein time eller to før du knar inn mjukt smør, pass på å kna godt så smøret har blanda seg heilt inn i deigen.
- vent en 3-4 timar før du sett deigen på kjøl over natta. Tida på benken må justerast litt etter korleis temperaturen er heime hjå deg.

Steg 3: gjerast ca 4 timar før du vil ha fiks ferdige kanelbollar.
-Pisk saman 300g meierismør, 500g brunt sukker og er par gode SS kanel. Om du syns dette blei litt vel mykje smør og sukker så kan du fint redusere litt, men eg har høg sukkertoleranse, og likar i alle fall at fyllet renn ut og lagar karamell under bollane.
- ta deigen ut av kjøleskapet og kjevl han ut til ein stor firkant på ein bakebenk som er strødd med mjøl.
- Bre fyllet utover
-Brett deigen sånn at det blir tre lag. Altså brett langsidene både øverst og nederst inn mot midten.
- Del opp til 18 remser med eit pizzahjul, snurr og rull remsene til kanel i svingane. - Legg bollane på brett og etterhev i minst 2 timar, gjerne 3-4.

Steg 4: steikjetid
- Forvarm omnen på 220°, over/undervarme
- pensle med egg og strø på perlesukker
- steik i 15-20 minutt, følg med siste tida og ta dei ut når dei er gylne.
-avkjøl så karamellen under får stivna. 

Denne oppskrifta er sterkt inspirert av @surdeigshimmelriket si bolleoppskrift, og det var også av ho eg fyrst høyrde om søt surdeigsstartar, tusen million takk 🙌

ET I VEI❤️ 
Translation missing: nb.general.search.loading