Handlekurv

Handlekurven din er tom

Siste nytt

Fra fruktbar jord

Bykjøkken

Svensken

Om å bake

En himmel full

Svensken

Opp i gjennom åra har eg hatt fleire surdeigsstartarar. Eg har laga eigne og tatt avleggarar og mata opp på forskjellige typar mjøl. Eg har også kasta startarar fordi eg har gløymd av dei til dei lukta neglelakkfjernar og tenkt at nei, no kan den ikkje reddast. (I dag veit eg sjølvklart betre). Til jul fekk eg ein lys startar av systra mi, ein 30 år gamal svenske.

 

Svensken og eg blei kjapt gode venner. Han viste seg å vere påliteleg og forutsigbar, og saman har vi laga mykje episk bakst (og ein og anna overheva eller underheva stakkar, såklart).

 

Briksdal baker

 

No har eg han på kjøkenbenken heile tida, og han matast og bakast med så godt som kvar dag. Han får sikta dala landkveite frå Norsk Urkorn og trivst godt med det, og innimellom tek eg av litt som eg gjer om til søt surdeig som i sin tur vert kanelbollar i særklasse.

 

Eg har allereie delt av han til venner, kjende og ukjende. Det verkar rett og slett som at alle vil ha en bit av svensken. Difor blir det no snart mogleg å kjøpe han på heyme.no/briksdal-baker. Stay tuned!

 

Anette Briksdal aka Briksdal baker

del på:

Eldre post Nyere post

Legg igjen kommentar

Translation missing: nb.general.search.loading